Toggle Menu

Kilder til norsk grafisk historie

Vår eldste trykte bok

Breviarium Nidrosiense. Paris 1519.

Eit firehundrad-års-minne.

Av Oluf Kolsrud

Det er i 1919 fire hundrad år sidan dei tvo fyrste norske bøkene vart prenta i Kjøpenhamn og Paris, 74 år etter at det eldste kjente trykket gjekk ut frå Gutenbergs verkstad i Mainz, 124 år fyre Tyge Nielssøn kom med den vesle pressa si til Christiania.

Den 25de mai 1519 fullførde Danmarks fyrste innfødde bokprentar, mester Povel Rev i Kjøpenhamn «Missale til bruk i heile Norigs rike etter skikken i den heilage metropolitankyrkja i Nidaros» og den 4de juli 1519 vart dei parisiske bokprentarane Joannes Kerbriant alias Huguelin og Joannes Bienayse ferduge med «Breviaria etter bruken og skikken i den heilage Nidaros-kyrkja».

Missale og Breviarium er dei viktugaste gudstenestebøkene. Breviarium kallast den bok som inneheld dei liturgiske tekstene, lesnad, bøner, songstykke, til dei sju regelbundne uppbyggings-tenestone, som den katolske kyrkja hev til skikk sidan eldgamall tid å halda på ymse «tider» (horæ) i døgret, både sundagar, festdagar, helgemannadagar og vanlege vikedagar. Missale inneheld tekstene for sjølve høgmessetenesta, som vart sungi ein gong kvar sundag, festdag og helgemannsdag og elles ved serlege høve. I desse bøkene er allting på det heilage kyrkjemålet, latin.

Dei hadde lenge sakna at dei liturgiske hovudbøkene for Norig ikkje var utgjevne på trykk. Like eins som i gamle dagar måtte det norske presteskapet enno syngja messa og lesa tidene etter handskrivne bøker. Men desse tok til å bli gamle og slitne og var vande å skyna [betyr: problematiske å forstå], og det var mange skrive-feil i deim. Difor tok sume prestar i Norig til å skaffa seg trykte liturgiske bøker utanlandsfrå, og hjelpte seg på den måten. På 1510-talet brukte dei her i landets tidebøker som høyrde reint andre kyrkjor til: Rom, Köln, Lund, Uppsala, Utrecht, Salisbury, og både tidebøker og messebøker for ymse munkeordnar: cisterciensarne, preikebrørne og mindrebrørne.

Erik Valkendorf og Nidaros
I Danmark og Sverige hadde dei gjeve ut dei liturgiske bøkene bispedømevis; det var alltid nokon ulikskap millom bispedømi, og den heldt dei på. Soleis fekk sju av dei åtte danske og seks av dei sju svenske bispedømi sine eigne gudstenestebøker utgjevne i prenten. I staden for å la biskopane prenta serskilde bøker kvar for sitt bispedøme, gjenomførte den norske erkebiskopen eins skikk i Norig og dei norske utbygdene, med Nidaros-kyrkja til mønster. Nidaros-Missalet og Nidaros-Breviariet vart utgjevne til bruk i heile Norigs rike. Tiltaket til dette gjorde Erik Valkendorf, erkebiskop i Nidaros og det pavelege sætes legat, den næstsiste sjølvstenduge styraren, den norske kyrkja hadde fyre reformasjonen og dansketidi.

Erik Valkendorf var dansk av ætt, men si gjerning som øvste tilsynsmannen for kyrkja vår og fremste medlem av Norigs rikes råd tok han med ålvor og varmhug, og det er med vyrdnad vårt folk minnest honom. Han bygde på St. Olavs domkyrkja, han for på visitas ratt til Finnmark, han la planar um å taka uppatt Grønlands-ferdene, han verja retten åt den norske kyrkja mot kong Christiern, og han var den fyrste som tok prentekunsten i teneste for Norig.

I det stykket låg me etter våre granneland. Alt i 1482 hadde den fyrste bokprentaren gjesta Danmark, i 1483 Sverige, og over hundrad bøker var prenta hos eller for våre broderfolk fyrr me kom til å byrja. Me la seint i veg, og det blei med dette eine tiltaket. Det vart gjort ei norsk bokprentar-kontrakt i Amsterdam 1520, men um boki kom ut, er ukjent. [Kommentar: den ble ikke utgitt.] Islendingane var alt i 1534 i stand til å prenta ei ny utgåve av Nidaros-Breviariet og andre bøker heime på si eigi øy, og i 1540 fekk dei utgjeve Ny-Testamentet på norrønt mål i Roskilde. Men i Norig vara det 52 år, fyrr det igjen vart sendt ei skrift til bokprentarpressa, den dansk-fødde Bergens-bispen Jens Skjelderups «Undervisning» um helgenbilete i kyrkjone, som utkom på dansk i Kjøpenhamn 1572. – At det gjekk so smått med å få innført Johann Gutenbergs kunst millom våre fjell, er eit vitnemål um, kor mager jordbotn og kor veike krefter det var hos oss i vår verste nedgangstid. Men når me står framfyre dei tvo ærverduge Nidaros-bøkene frå 1519, då er det ein hugnad å sjå korleis prentekunsten var halden i ære av dei mennene som fyrst tok ’n i bruk for Norig. Lange tider gjekk, fyrr seinare slekter nådde jamnhøgt, ja i mange stykke er det enno noko å læra av dei gamle.

Typografi og utstyr
Det kunde vera lokkande å fortelja upphavssoga til dei tvo eldste norske bøkene; men det fører vidare enn det her er rom til. Av størst interesse for lesarane av den norske boktrykk-kalenderen torde det vel vera å få nokre upplysningar av meir fagmessig art um typografisk skipnad og utstyr i det verket som norsk bokprentesoge byrjar med. Ein freistnad på ei kravlaus skildring av denne art er desse linone av ein lekmann, som nok sjølv kan skriva bøker, men ikkje prenta deim.

Fig. 1.

Nidaros-Breviariet er ferdugprenta umlag seks vikor seinare enn Missalet, men likevel er Breviariet å rekna for vår eldste trykte bok. Soga til Nidaros-Breviariet er ikkje klår på alle punkter; sume hev meint, at det hev vore utgjeve tvo utgåvor, ei 1516, ei 1519. [Kommentar: dette bunner i at forordet er datert 1516, mens boka helt til slutt er datert 1519.] Det spursmålet læt seg ikkje løyse med full vissa. Men so mykje er greitt, at det var Breviariet, som fyrst vart gjort i stand til prentings og fyrst lagt i pressa.

Eit revidert eksemplar av Breviariet til prentingsmanuskript vart tilskipa av dei tvo høgaste geistlege ved domkyrkja i Nidaros, dekanen mester Peter Stut og erkedeknen (sic) mester Erik Jonsson. Båe var fødde nordmenner, og eit godt vitnemål um nasjonalkjensla deira er dei tvo sidone i boki, som ikkje er på latin; det er godt gamalt norsk. Dei hev vore sjølvstenduge nok til å hevda morsmålet under ein dansk kyrkjestyrar. – Erkebiskop Erik Valkendorf bar kostnadene med utgjevingi. Hans danskfødde sekretær, mester Hans Rev, som sidan vart den siste katolske biskopen og den fyrste evangeliske superintendenten i Oslo, for i 1515 til Paris og skulde studera der; han styrde med prentingi og las korrekturen. Han var bror til bokprentaren Povel Rev i Kjøpenhamn og hadde vel då på fyrehand noko greie på den typografiske kunsten. Den fremste bokprentaren i Paris, belgiaren Jodocus Badius Ascensius, ein lærd og velrøynd mann, gav honom råd og rettleiding med val av dugande prentarar. Erik Valkendorf vart vel nøgd med arbeidet, då han fekk det fyrste eksemplaret i handi. «Breviariet er framifrå fint prenta,» segjer han, «vel korrigert, staselegt, forseg-gjort, sers vent innbunde, med eitt ord: alt igjennom godt innretta». Alle prestar i den norske kyrkja fekk pålegg um å eiga boki og bruka ho flittigt, og erkebiskopen lova deim som les tidene sine etter den trykte utgåva, 40 dagar avlat frå pålagd skriftemålsbot. Breviariet vart selt for 3 rinske gyllen eller 7 ½ mark; det same kosta ei halv tunne smør. Meister Hans Rev stod fyre boksalet. Kor stort upplaget var, veit me ikkje. Den nye Skålholtsbiskopen Ogmund Pålsson fekk ein 25 stykke med seg til Island i 1521, og då var det att 120 stykke i Nidaros. Boki vart flittig brukt, soleis som erkebiskopen hadde formana til; det kan me skyna av at berre nokre få eksemplar hev halde seg til vår tid; i 1534 måtte det prentast eit nytt upplag på Island.

Fig. 2.

Førekomsten av Breviariet
Nidaros-Breviariet er ei mykje sjeldsynt bok; det finst 8 stykke i offentlege bibliotek: 3 i Norig, 2 i Danmark, 2 i Sverige, 1 i Tyskland, nemlig i Universitetsbiblioteket i Kristiania 1, i Deichmanske bibliotek i Kristiania 1, i det Kgl. Norske Videnskabers Selskabs bibliotek i Trondheim 1, i det Kongelige Bibliotek i Kjøpenhamn 2, i Kungliga Biblioteket i Stockholm 1, i Läroverksbiblioteket i Skara 1, i Universitetsbiblioteket i Greifswald 1. – Dei tvo eksemplar i Kjøpenhamn hev vore i hendene på samlarane Henrik Hjelmstjerne (1715–1780) og Terkel Klevenfeldt (1710–1777), Stockholmseksemplaret ber namnepåskrifti til den svenske sogeskrivaren Johannes Messenius (1579–1636) og eksemplaret i Greifswald hev i 1602 tilhøyrt ein frende av sjølve erkebiskop Erik Valkendorf, nemlig Henning Valkendorf til Glorup og Søbogaard (†1626), som var lensmann over godset til dei tvo Bergens-kloster St. Hans (eller Jons-) kloster og Munkeliv.

Dei 3 eksemplar i Norig er alle mykje mangelfulle. I Deichmanske biblioteks eksemplar, som hev vore brukt av ein prest på Island, er mest alle initialane skorne ut or bladi, og biletbladi og andre blad er burte. Universitetsbiblioteket hadde lenge ått eit eksemplar, som det felte ein stor del av bladi i, men kjøpte i 1910 på auksjonen etter Sjællands biskop T. Skat Rørdam eit anna defekt eksemplar som hadde ymse av dei felande blad; dette vart då utfyllt med blad or Universitetsbibliotekets eldre eksemplar, og restane av det vart overlate til Vitskapssellskapet (sic) i Trondheim, som ikkje åtte boki.

Universitetsbibliotekets eksemplar vart i 1914 fullstendiggjort ved ljostrykkreproduksjon av 46 blad (91 sidor) etter Messenius’ og Klevenfeldts og Henning Valkendorfs eksemplar, utført hjå Cederquists Grafiska Aktiebolag i Stockholm på kostnad av Universitetets Jubileumsfond av 1911 og etter tiltak av underskrivne.

Det var meir bruk for Breviariet enn for Missalet. Tidene var mange fleire i tal enn messone, sju gonger so mange, og prestar og munkar skulde lesa tidene dagleg til uppbygging, men messa var berre altartenesta. Missalet vart gjerne prenta i folio med digre bokstavar, men Breviariet i hendugt, mindre format, helst liten oktav, med skrift av vanleg storleik. Eit Breviarium er likevel alltid ei drjug bok; i nyare tid vert det ofte delt i fire band, eit for kvar årstid. Ei Breviar-utgåve frå 1908 inneheld 4552 sidor. Dei gamle nordiske breviarier hev frå 377 til 520 blad (754 til 1040 sidor). Nidaros-Breviariet er ei bok på 451 blad eller 901 sidor. Noko eksemplar som inneheld alle desse blad, finst ikkje; fullstendigast er dei tri som hev tilhøyrt Messenius, Klevenfeldt og H. Valkendorf.

Innhaldet
Innhaldet i Nidaros-Breviariet er dette.
1. Titelblad, finst berre i Henning Valkendorfs eksemplar, reprodusert i Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen I 1914 ved s. 38–39.
2. Kunngjering av erkebiskop Erik Valkendorf, dagsett Nidaros 1. april 1516, at Nidaros-Breviariet skal innførast i heile den norske kyrkja, og at dei prestane som brukar det flittigt, skal få 40 dagar avlat. 2 bl.
3. Ålmenne reglar um gudstenesta og dei kanoniske tidene. 4 bl.
4. Proprium de tempore eller Temporale, sundags- og festdags-tenestone året rundt. 162 bl.
5. Reglar for helgehald og fastehald i Nidaros bispedøme, etter kristenretten og dei heilage fedrane, på gamalnorsk. 1 bl.
6. Kalendarium, 6 bl. med kronologiske hjelpetabellar, 2 bl.
7. Fyreord til Salmane: de laude, virtute et efficacia psalmorum. 1 bl.
8. Psalterium, Davids Salmar, uppdelt på dei kanoniske tidene i ei vike. 66 bl.
9. Commune suggragium sanctorum, eller dei stykke av helgentenesta som kjem att like eins på fleire helgendagar. 31 bl.
10. Proprium de sanctis eller Sanctorale, helgendags-tenestone året rundt. 173 bl.
11. St. Bernhard bøn til Maria møy: Ave nobilissima virgo. 1 s.
12. Hans Revs brev til Erik Valkendorf um prentingi, dagsett Paris 1. juli 1519. 1 s.
13. Bokprentar-sluttord (colophon), Paris 4. juli 1519, 6 linor. Liste over ark og bladtal, 7 linor.

Paginering og foliering
Nidaros-Breviariet hev ikkje sidetal som bøker no, men bladtal, – det var bruklegt i handskrivne bøker i millomalderen, og lenge frametter ogso i trykte; bøkene var ikkje «paginert», men «foliert». Bladi i ei bok pla dei den tid rekna på ein annen måte enn me vil finna praktisk – også i det stykket var det gamall skikk, som hekk lenge i. Oftast er bladrekningi i dei eldste bøkene gjord ark for ark, med serskild arksignering og bladteljing i kvart ark. Arki vart merkte med kvar sin bokstavsignatur, einskild (b, B), dobbelt (bb, BB, Bb) eller tridobbelt (bbb); arksignaturen stod på alle bladi i arket. Bladi vart numerert med tal, oftast romartal med små bokstavar; dei sette gjerne prikk fyre og etter talet, og når det slutta med teiknet for 1, brukte dei ikkje i, men j. Arket bb vert då foliert soleis: bb.j. bb.ij. bb.iij. bb.iiij. bb.v. bb.vj. bb.vij. bb.viij. Um ei bok var samansett av fleire delar, soleis som dei største gudstenestebøkene, då hadde kvar hovuddel si serskilde ark-signatur-rekkje, f. eks. ein del frå AA til II, ein frå a til x, ein frå A til T, – soleis som i Linköpings-Breviariet frå 1493. Det er noki tilsvarande, når innleiding eller fyreord i vår tid vert paginert med andre slags tal enn sjølve teksten i boki.

Men ofte vart ei bok (eller hovuddelane i boki kvar for seg) foliert med gjenomlaupande bladtalrekkje; då brukte dei ogso romartal i den eldste tidi, stundom med små bokstavar, men oftast med store. Slik bladrekning finn me i ulike former t. d. i Skara-Breviariet 1498, Odense-Breviariet kr. [Kommentar: kring = omkring.] 1510, Lund-Missalet 1514, fyrste utgåva av Saxo Grammaticus 1514 o. fl. Ein merkeleg overgangstype er det svenske Gradualet frå 1493, som hev 8-bladsark med bokstavsignaturar, men bladnumrering i talrekkjor frå .j. til .x. Ofte vert arkvis og gjenomlaupande bladrekning brukt jamsides i same boki. Bladi hev då tvo nummer: samansett bladrekning med bokstav-ark-signatur + ark-bladnummer i små romartal, og usamansett gjenomnumrering i romartal, fyrst små, sidan berre store. Dei samansette bladtali vert flutt ned under teksten og overlæt sin gamle plass øvst på sida til den meir moderne og praktiske gjenomgåande bladrekningi. Soleis er det t. d. i den eldste Saxo-utgåva frå 1514. Den gjenomlaupande bladteljingi med store romartal, som er brukt t. d. endå i Christian III’s Bibel av 1550, vert lenge fyre 1600 avløyst av sideteljing med arabiske tal. Men den samansette arkvise bladrekningi held seg endå i lang tid under gradvis modernisering. 1600tals-bokprentarane brukar jamt og samt arkbokstavane med dei små romartali, mest berre i fyrste halvparten av arket, ofte ogso på fyrste bladet i andre halvparten; på fremste bladet i arket pla dei kasta burt bladtalet. Eit oktavark frå den tid er gjerne signert soleis: B Bij Biij Biiij Bv. På 1700talet byter dei romartali um med arabiske tal, som for resten hev vore i bruk av og til i sammansett bladteljing alt sidan fyre 1500, og signerar soleis: B B2 B3 B4 B5. Med tidi sluttar bokprentarane å merkja 3dje, 4de og 5te bladet; att blir då berre B B2 på 1ste og 2dre bladet i arket. Enno fram på 1800talet held sume fast ved den gamle arksignaturen, Chr. Grøndahl i Christiania ratt til 1839. Det var ein eldgamal tradisjon som var avlagt, då dei innførde den no bruklege arksignering med tal. – Nidaros-Breviariet hev samansett arkvis bladsignering øvst til høgre på framsida av bladet. Det er 6 ulike arksignatur-system i boki. Titelblad og fyreord er usignert, men deretter fylgjer 1 ark merkt med ein svart kross, 20 ark med ein stor bokstav frå A til U, 1 ark med ein raud kross, 9 ark med ein liten bokstav frå a til i, 23 ark med dobbelt liten bokstav frå aa til zz, og 3 ark med 3dobbelt liten bokstav frå aaa til ccc. Kvart ark er på 8 blad, men i U og i det som er merkt med raud kross er det 10, ccc hev 6, ✚ og i hev 2. Sist i boki står ei liste over alle ark-signaturane i rekkjefylgja, og upplysning um kor mange blad kvart ark inneheld; det er då lett å kontrolera, um eksemplaret er fullstendugt. Bladi er numrert med små romartal, som står like etter arkbokstaven utan spatium i millom, t. d. B.iiij. a.vj. cc.v. Det hender ofte i bøker den tid, at det er misprentingar i bladtali, slik som når det står .x. for .v. eller .vj. for .vij. – «X for U og seks for sju», som me enno segjer; i Nidaros-Breviariet er det også eit par småfeil av dette slaget.

Format
Formatet i Nidaros-Breviariet er det vanlege for slike bøker på den tid; prenten på ei side (frårekna bladtalet og kolumnetitelen) i denne boki er 79–80 mm. breid og 123 mm. høg. Teksten er i tvo teigar med 3mm. ope millomrom. Berre dei små stykki nr. 2. 5. 6. 7. 11. 12. 12 er uppsett på heilt mål. I dei fire liturgiske hovuddelane (nr. 4. 8. 9. 10) står det tekst-titel med raudt over sida, stundom ein for kvar teig, stundom ein for heile sida, stundom fordelt på tvo motståande sidor. Dei liturgiske tekstene er prenta med svart, lesetekstene med større skrift, songtekstene med mindre. Kvart sjølvstendugt liturgisk stykke hev overskrift; den er prenta med raudt, og med raudt er ogso alle dei innskotne upplysningane og rettleidingane for presten. Alt dette raude kallast i kyrkjemålet rubrum (d. e. raudt) eller rubrica; derav kjem vårt ord «rubrikk» um overskrift i skjematisk inndeling.

Typene
I dei eldste trykte bøkene er det brukt tri hovudslag typer, fyrst og fremst den store høge kantute «missaltypen», som er den vanlege i liturgiske bøker av større format, serlig i missaler, som helst vart prenta i folio, – dinæst den runde breide «gotiske» typen, som finst i alle storleikar og i alle slag bøker, – og endeleg den «latinske», som svarar til vår antikva, fyrste gong brukt i Rom 1467. Med tidi kjem andre typeslag upp: «kursiven» vart skapt av Aldus Manutius i Venezia og kom i vinden med hans små vene klassiker-utgåvor fyrst på 1500talet. Hans Schönsperger i Augsburg nytta for fyrste gong 1514 og atter 1517 ein flott «fraktur», som straks vart umtykt i Tyskland. Ei overgangsform millom gotisk og fraktur var mykje brukt i Frankrike i bøker på fransk frå slutten av 1400talet og fyrsten av 1500talet; og andre overgangsformer millom dei ulike hovudtypene hev vore i bruk. Med tidi fekk den latinske skrifti overtaket i romanske land, og germanske frakturen; den gotiske gjekk heilt or kurs. Men enno eit godt stykke ut på 1500-talet var gotisk skrift framleis i dagleg bruk, og det hadde festa seg som ein tradisjon for at teologiske og kyrkjelege bøker vart prenta med gotisk, men verdsleg litteratur med latinsk. Noko tilsvarande såg ein i dei siste tiår av 1800talet hos oss, då dei gjekk over frå fraktur til antikva; i religiøs litteratur heldt den gamaldagse frakturen seg lengst, men bøker av moderne ånd måtte prentast med latinske bokstavar. Det var ein bokmann i Paris fyrst på 1500talet, som klaga over, at prentarane brukte «vonde bokstavar i teologiske bøker, men på humanistiske bøker og på diktarane spara dei ingen ting».

Fig. 3.

No var det ein gamall skikk, som sjeldan vart broten, at missaler skulde prentast med missaltyper og breviarier med gotisk skrift. Det fall likeso sjølvsagt som at Salmeboki vår skal vera med fraktur. Nidaros-Breviariet er prenta med ei normal gotisk skrift av vakker grei form. Prenten er klår og tydeleg; men som det ofte hender i gamle handpresseprent, er fargen stundom litt ujamn. Det er heller ikke å undrast på, at raud-prenten av og til står ein grand skeivt. Misprentingar finst, men ikkje so mange at det skader, og dei er ofte retta, helst i rubrikkane, anten med utskraping og handprent, eller med penn.

Plassen er, som alltid i millomalderlege handskrifter og trykte bøker, vel utnytta. Opne utgangar finst ikkje; satsbiletet er fast og tett og fritt for blanke gap. Dette får bokprentaren til, ved å plasera overskriftene på same måten som det hadde vore bruk i handskrivne bøker i uminnelege tider; han læt alltid sjølve teksten i eit stykke byrja med initial a linea ytst til vinstre, men utan millomslag millom siste lina i det fyrre stykket (A) og fyrste lina i det nye (B). Overskrifti kan stå nedst på teigen [Kommentar: spalten] eller sida og teksten byrja øvst på den næste (fig. 3). Er det att nokon unytta plass til høgre i lina A, set han overskrifti der; er lina A fullsett, kortar han av litt til høgre i lina B og set overskrifti der. Er det ledig plass i lina A, men for liten, so nyttar han romet her til overskrift, so langt det rekk, og set resten i lina B. Vert lina B for stutt, tekk han attåt ein stubb i enden av næste lina. Av di det er ulik let på tekst og rubrikk, vert dei aldri samanblanda; men sumetider set bokprentaren ein vinstreparentes med svart framanfyre rubrikken. Når det byrjar ei ny avdeling, gjer han ikkje millomslag og ny line med fri overskrift, men set eit kraftigt deleteikn ¶ og held fram på same lina; dette teiknet hev sidan utvikla seg til vårt §. Delemerket er med svart, um det står fyre raudt prent, men fyre svart er det raudt; det er, for at det skal falla lett i augo. Det er rangt når bokprentarar i vår tid set det med raudt fyre raudt.

I Davids Salmar byrjar prentaren av Nidaros-Breviariet kvart vers med ein raud majuskel (3 mm.) av same storleik som skrifti, men ikkje a linea. Slike små raude majusklar finst det og stundom til initial a linea ved liturgiske stykke. Men som regel er a-linea-initialane større bokstavar (6 mm.) på 2 linor, helst på dei fyrste tvo linone i stykket, men stundom på slutt-lina i det fyregåande stykket og fyrste lina i det nye, når det gjeld å få sluttlina fullsett. Initialane skifter gjerne i fleire fargar både i handskrifter og i dei eldste trykte bøkene, mest i raudt og blått. Den gamle skikken å måla initialane med hand vedvarer lenge ogso i trykte bøker, men med tidi tek dei til å prenta dei einleta raude og målar dei andre. I dei eldre nordiske breviarier finst ymse handmåla initialar i væle med, men etter 1500 vert alle farge-initialane i desse bøene prenta. I Nidaros-Breviariet er tvo-line-initialane prenta. Det er ikkje brukt meir enn tvo farger i heile boki, raudt og svart, og teksten og tvo-line-initialane hev stødt ulik let; i mesteparten av boki er hovudteksten svart, og initialane er der raude, men i tridje stykket, som hev raud tekst, er dei svarte. Både ei og tvo-line-initialane hev den vanlege gotiske majuskel-form og er av det slaget dei kallar lombardar, men utan perlor, stjernor, rosor eller annan stas. Lombardane er støypte metalltyper.

Ei vel utstyrd bok skule helst ha nokre treskorne initialar innimellom dei støypte. Dei treskorne var større enn hine, og prydde med ymse line-ornament eller med plantor, dyr, våpenskjoldar, menneskjefigurar eller små bilete. Dei nordiske breviarier hadde ikkje mykje av slikt utstyr. Strengnes-Breviariet frå Stockholm 1495 hev 4 kvadratiske initialar, mykje enkelt måla med raudt og gult og litt gull; Uppsala-Breviariet frå Stockholm 1496 hev berre 2. Odense-Breviariet frå Lübeck 1497 hev 5 større ornamenterte initialar; nokre få finst i den nye utgåva av same Breviariet, prenta i Basel kr. [Kommentar: kring = omkring.] 1510, og i Vesterås-Breviariet frå Basel 1513; det Slesvigske Breviariet frå Paris 1512 hev ogso av og til prydde initialar. – I Nidaros-Breviariet er det 38 treskorne initialar, alle prenta med svart. Det er tri slag av deim. Dei minste, kvite på svart botn med enkle ornament, er 12–13 mm. i firkant og fyller 4 linor; av desse er det 12 stykke 15 gonger. Av ein millomsort finst 8 ulike 12 gonger, 27–30 mm. i firkant, på 9 eller 10 linor. Dei inneheld umframt bokstaven eit sjølvstendugt motiv; i tri er det vokstrar, i tvo våpenskjoldar, i tri menneskjefigurar: ein musiserande (?) mann i C tvo gonger, ein biskop i S ein gong (sjå fig. 3), ein konge i E tri gonger. Ein U, 2 gonger, hev ein blank våpenskjold; ein annan U inneheld Erik Valkendorfs våpen, tri venger ikring ei rosa, og over skjolden står fyrebokstavane hans: E. W. A. N. d.e. Ericus Walkendorf Archiepiscopus Nidrosiensis. Denne initialen er soleis skoren serleg til Breviariet; um det er tilfellet med dei andre av millomsorten, er ikkje godt å segja, men ein skulde tru det.

Fig. 4.

Det tridje slaget treskorne initialar er allesaman gjorde til Nidaros-Breviariet, det er greitt å sjå. Dei er 46–48 mm. høyge og 38–39 m. breide og fyller ein heil teig tvert over; nedst i høgre hyrna er eit utskore firkanta hakk, so her vert rom til 2–3 bokstavar av det ordet, som byrjar med initialen. – Av desse initialane, som er nytta 11 gonger, er det 4 ulike slag: tvo gonger ein A med våpnet til Nidaros domkyrkja, ein kross og tvo økser; tri gonger ein S med Norigs riksvåpen (sjå faksimile s. 147); tvo gonger ein B med erkebiskop Erik Valkendorfs våpen og tilhøyrande fullt heraldisk utstyr; og fire gonger ein D med firdelt våpenskjold, i tvo felt domkyrkjevåpnet, i tvo erkebiskopen sitt. På eit band som slengjer seg kring bokstaven, er det innskrift som segjer kva for våpen det er i alle fire fall.

Bilete
Umframt initialane hev Nidaros-Breviariet ein gjæv prydnad i ei rekkje bilete, heilsides og mindre, og side-innramningar. Ogso i fleire av dei eldre nordiske breviarier fanst eit og anna bilete, men inkje av dei kjem på langt nær upp mot Nidaros-Breviariet i det stykke.

Titelsida og fyrste-sidone til Psalteriet og Temporalet hev rammor med ornament og figurar. Hovudmotivet i den sistnemnde ramma er ei majestetisk bilete av Gud skaparen millom gode og vonde englar. Midt inne i ramma på titelsida står på firkanta botnfelt erkebiskop Erik Valkendorfs våpen med fullt heraldisk tilhøyr.

Millom bileti er hovedfigurane Norigs martyrkonge St. Olav og himmeldronningi Maria møy. Olav på trona med øks og rikseple, tredande på draken, møter oss både bak på titelbladet og framfyre Olavsfesten i Proprium sanctorum (fig 1). Maria med barnet på armen, ståande på halvmånen i solstrålekrans, krona av tvo flugande englar med stjernekrone, det beste biletet i heile Breviariet, står framfyre minnetenesta for Maria møy gjenom året, og ei tronande Guds moder med barnet under baldakin millom musiserande englar pryder den sæle Bernhards Maria-bøn sist i boki. Ei figurrik framstelling av Christi krossfesting på Golgata innleider minnetenaste um den heilage krossen gjenom året. Framfyre Commune sanctorum er eit firdelt heilsides bilete av «alle dei heilage»: Christus med apostlane sine, St. Stephanus med martyrane, St. Gregorius med kyrkjelærarar og -styrarar, og Maria møy med dei heilage jomfruene. Under det eine Olavsbiletet ser me tri små bilete på rad, under det andre (fig. 1) fem. Båe staderne er Christus som konge i midten; på sidone er ein gong S.ta Apollonia og S.ta Veronica, ein gong dei fire heilage evanglistane. Eit lite bilete av same storleik viser Dauden som drep ein ung mann, stingande spjutet i bringa hans; det innleider daude-vaka.

Breviariets verd
I den liturgiske bokavlen var det fyrst og fremst dei store missaler i folio, som vart utstyrt med større kostnad og umhug, dinæst bønebøker eller horarier til enskilmanns private bruk. Missale måtte kvar kyrkje eiga; det skulde liggja på altaren; av det vart høgmessetenesta lesi. Ei slik bok kunde stå i større pris. Bønebøker var helst for dana og velståande og høgætta folk; det var gamal skikk at handskrivne horarier var framifrå fint utstyrt, og dei trykte vart gjerne prenta på pergament med handmåla initialar og miniaturar.

Men Breviariet måtte vera billegt, for det skulde kvar prest skaffe seg og eiga, og dei fleste prestane hadde liti råd. Difor er det sjeldan at eit Breviarium er sers rikt på bilete eller typografisk prydnad. Nidaros-Breviariet er i dette stykke noko for seg sjølv. Christian Bruun segjer, at det er «det smukkeste udstyrede i den hele Række af danske og norske Breviarier». Det står ogso langt over dei svenske. «Om de nordiske landes breviarier kan jeg – segjer Olav Sinding* – efter grundig undersøkelse med sikkerhet si: intet trykt breviar fra ca. 1500 kan tilnærmelsesvis maale sig med Nidaros-breviariet». Erkebiskop Erik Valkendorf hev kosta mykje på det for å få det so vakkert og gildt, som det sømde seg for gudstenesteboki til den heilage Nidaros-kyrkja, kvilestaden åt den største av alle Nordens heilage. Det var dei beste tilhøvi i Paris til å få prenta vene bøker: illustrasjonskunst og bokpryd stod i sin blome i Frankrikes hovudstad ved dette leitet. Å få eit slikt verk utført her heime var det ikkje å tenkja på då. – Men no er mer komne etter. Me hev lært å prenta bøker, som det visst vilde gleda den gamle erkebiskopen å sjå. Og difor skal norske bokvener med takksemd heidra minnet til fyregangsmannen. Me hev so mykje større årsak til å minnast honom; for han ikkje berre tok upp noko nytt og uprøvt, men han hev med ei gong gripe hovudsaki i bokprentarkunsten. Det er ikkje nok å laga nokre få monumentale og kostbare praktverk og la dei mange billegare bøkene få det utstyret som kan falla; det gjeld å gjera den dagleg brukte bok vakker og smakfull. Dette er og blir det centrale i bokhandverket; dette hev Nidaros-erkebiskopen havt syn for, fira hundrad år fyre vår tid. Her hev han gjeve oss ein arv og ei uppgåve.

* Olav Sinding, Breviarium Nidrosiense og dets kunstværd. Kunst og kultur VI (1915–), 93–106.

IN ENGLISH
Norway celebrates in 2019 the first two books which were printed for Norway, 500 years ago in 1519. The first printshop in Norway was established much later, in 1643, but Missale Nidrosiense (printed in Copenhagen) and Breviarium Nidrosiense (printed in Paris) were ordered by the archbishop of Nidaros (Trondheim), so they are regarded as Norwegian books. In 1919 church historian Oluf Kolsrud wrote an article about the Breviarium, which because of its emphasis on the material qualities of the book, is still worth reading.

(Først publisert 2.6.2019. Sist oppdatert 22.7.2019)

Norsk boktrykk kalender 1919BOKEN I NORGE 500 ÅR
Norge feirer i 2019 at det er 500 år siden de første bøkene ble trykt for Norge. Ikke i Norge – men på bestilling fra Norge. Missale Nidrosiense ble trykt i København, og Breviarium Nidrosiense ble trykt i Paris, og begge var ferdige i 1519.

For 100 år siden ble dette markert ved at kirkehistorikeren professor Oluf Kolsrud skrev denne artikkelen i Kristiania-typografenes årbok Norsk Boktrykk Kalender 1919.

Som man ser av artikkeltittelen, kåret Kolsrud Breviariet som den eldste utgivelsen, fordi trykkingen av den ble påbegynt først. Men Missalet var ferdigtrykt halvannen måned før Breviariet. For universitetslektor Sigurd Hareide er derfor Missalet den første av de to (Vårt Land 4. juli 2019). Og i 1930 skrev overbibliotekar Wilhelm Munthe en artikkel om Missalet med tittelen «Vår eldste trykte bok». De feires i 2019 uansett samlet, som de to første norske bøkene.

I forbindelse med jubileet i 2019 er Breviariet og Missalet digitalisert og transkribert, det er skrevet nye artikler om dem og det er avholdt seminar om dem. Men Kolsruds artikkel er fortsatt verdifull, fordi han omtaler Breviariets kvaliteter som et materielt objekt, som et grafisk produkt, noe i liten grad er gjort av andre.

Originalteksten ble satt med den gotiske skriften schwabacher. De kursiverte ordene i min tekst er også satt med kursiv i originalteksten. Mellomtitlene er lagt til av meg. Illustrasjonene er scannet inn fra artikkelen, selv om kvaliteten er bedre i den ferske digitaliserte utgaven. Breviariet er transkribert av bokselskap.no med en tilhørende introduksjon.

DOKUMENTER FRA NORSKE GRAFISK HISTORIE
Til samlesida med dokumenter fra norsk grafisk historie her.